Til hovedsiden
    

   
    Bli medlem
    Siste nytt
    Artikler
    Bildeserier
    Temasider
    Bildearkiv
    Foredrag
    Effekter til salgs
    Lenker
    Spørsmål og svar
    Spør oss
    Prosjektoppgave
    Om oss
    NAF på Facebook
    Kontakt oss
    Nettstedskart
    Hovedsiden
Trykk for å lese mer om sitatet
 

Europeisk astronauttrening i Houston

Av Johnny Grøneng Aase

 

Artikkel publisert i Nytt om Romfart, 24. årgang, nummer 90, april-juni 1994, sidene 10-11 av Norsk Astronautisk Forening/www.romfart.no.

Skriv ut

Tips bekjent

 

Innleiing

Tre vesteuropeiske astronautar er i dag stasjonert ved NASA (National Aeronautics and Space Administration) sitt treningssenter i Houston. Dei tre, Maurizio Cheli, Jean-Francois Clervoy og Claude Nicollier, er utdanna som ferdsspesialistar på romferga. Dei vil ha som hovudoppgåve å gjennomføre vitskaplege eksperiment og utplassere nyttelastene som vert tekne med opp i rommet.

Personalia

Den mest erfarne av desse, sveitsaren Claude Nicollier, vart teken ut som ein av fire kandidatar i den europeiske romorganisasjonen ESA (European Space Agency) si fyrste astronautgrupe i desember 1977. Han skulle etter planen fly om bord i STS 51-H romfergeferda i 1985. Denne ferda vart seinare avlyst. Challenger-ulykka, som sette dei amerikanske romfergene på bakken i over 2,5 år, førte til at Nicollier ikkje kom ut i rommet før i 1992. Nicollier deltok seinare på den mykje omtalte STS-61-ferda med Endeavour i desember 1993, der han var med på å reparere Hubble-romteleskopet.

Cheli (Italia) og Clervoy (Frankrike) vart astronautkandidatar i mai 1992. Tre av kullkameratane deira, mellom anna svensken Christer Fuglesang, er i dag i trening i den russiske «Stjernebyen» utanfor Moskva. Dei skal etter planen delta i dei europeisk/russiske Euromir 94- og 95-ferdene.

Grunntrening

Etter eit grunnkurs i Køln vart Cheli og Clervoy overflytta til Johnson Space Center (JSC) i Houston. Dei vart der tekne opp i NASA sitt treningsprogram for nye astronautkandidatar. Dette kurset var sett opp med tilsaman 24 elevar, der 19 hadde amerikansk statsborgarskap, to var europearar, to var kanadiske og ein elev kom frå Japan. Kurset har ei lengde på 12 månader, der 36 veker er grunntrening og 16 veker er spesialisering. Cheli og Clervoy byrja på grunnkurset i august 1992.

Grunntreninga er lagt opp med ein logisk progresjon, slik at kvar leksjon byggjer på tidlegare gjennomgått stoff. Ein vert heile tida lært meir detaljert om romferja og systema hennar. I desse månadane lærte dei 24 kandidatane å fly overlydsflyet T-38, grunnleggjande teori om romferjesystemet i tillegg til elementære prosedyrar for romflyging. For å kunne fly T-38 måtte dei gjennomgå kurs i aeronautikk og navigasjon. Elevane måtte og lære teknikkar for å overleve på eiga hand ute i naturen. Ein del av denne treninga gjekk føre seg på militærbasar.

Basisfaga var likevel romfergesystemet og korleis det fungerer. Denne undervisninga gjekk føre seg i tre fasar. Først sjølvstudium, deretter klasseromsundervisnig og tilslutt praktisk trening på simulatorar. Andre leksjonar tok føre seg astronautane sine plikter og kva prosedyrar som skal følgjast på ulike steg i romferda. Dei dekte eit stort tal ulike fagfelt, som materialteknikk, oseanografi og astronomi. Lærekreftene var ofte henta inn frå universitet og ulike institusjonar. Av og til vart leksjonane gjennomført av erfarne astronautar.

I tillegg til alt dette var dei 24 elevane med på ekskursjonar til NASA sine ulike installasjonar rundt omkring i USA. Dei lærte å handtere media og innhenta praktiske erfaringar om romferga frå andre astronautar.

Spesialisering

I midten av april starta dei to europearane på spesialtrening. Denne kan vare opp til 18 månader, der dei fire fyrste er sett på som ein naturleg del av «grunnkurset». Cheli og Clervoy heldt her fram med å trene i simulatorar, samstundes som dei begynte å studere prosedyrane for oppskyting og landing. I små grupper studerte dei nye ferdsspesialistane bruken av romferga sin manipulatorarm, i tillegg til grunnleggjande trening på utstigingar i rommet.

Alle astronutar har sitt «spesialfelt», der han eller ho skal setje seg grundig inn i eit emne knytta til romferjeprogrammet. Clervoy skal i framtida delta i utviklinga av programvare og nytt utstyr til manipulatorarmen, medan Cheli skal teste ut dataprogramma som skal brukast under dei ulike romferjeferdene.

Etter det første året hadde kvar astronautkandidat gjennomgått 750 timar klasseromsundervisning, 140 timar i simulator og 100 timar om bord i T-38. Dei 24 kandidatane vart offisielt godkjent 3. august 1993, og vart med dette ein del av NASA sitt astronautkorps. Erfaringane som dei to kjem til å tileigne seg, vil vere nyttige for det framtidige vesteuropeiske romprogrammet.

ESA kunngjorde i ei pressemelding 11. januar 1994 at Clervoy har vorte teken ut til å fly som ferdsspesialist på STS-66/Atlas 3 hausten 1994. Denne ferda vil vare i 10 dagar, og Clervoy vil vere ansvarleg for å utplassere eit infraraudt spektrometer frå romferja sitt lasterom, og hente det inn att rett før landing. Spektrometeret, Cryogenic Infrared Spectrometer Telescope for Atmosphere (CRISTA), er eit tysk-amerikansk prosjekt som skal undersøkje atmosfæra. Atlas-programmet har som mål å studere energistraumen frå Sola og korleis denne påverkar Jorda sitt klima og miljø.

 
Forrige artikkel | Neste artikkel | Alle NOR 1994 | Alle Romfart/NOR
 
 
 

Alt stoff på romfart.no/.com/.org er opphavsrettslig beskyttet.
romfart.no/.com/.org eies og drives av Norsk Astronautisk Forening.