Til hovedsiden
    

   
    Bli medlem
    Siste nytt
    Artikler
    Bildeserier
    Temasider
    Bildearkiv
    Foredrag
    Effekter til salgs
    Lenker
    Spørsmål og svar
    Spør oss
    Prosjektoppgave
    Om oss
    NAF på Facebook
    Kontakt oss
    Nettstedskart
    Hovedsiden
Trykk for å lese mer om sitatet
 

«Mikro-rom-revolusjonen»

Av John Mikal Størdal

 

Artikkel publisert i Nytt om Romfart, 23. årgang, nummer 87, oktober-desember 1993, sidene 25, 47 av Norsk Astronautisk Forening/www.romfart.no.

Skriv ut

Tips bekjent

 

Dei siste åra har det funne stad ein liten revolusjon i måten ein tenkjer seg at romfart kan verta tilgjengeleg på. Denne endringa er i fyrste rekkje eit resultat av omfattande teknologiske framsteg, men og påverka av den politiske dagsorden. Ein kan i dag mellom anna innan kommunikasjon og overvaking sjå stor nytteverdi av små satellittsystem som etter ei kort utviklingstid raskt og enkelt kan setjast i drift. Rundt 1987 tok ein til å nytta navnet «microspace revolution».

Med små system meinar ein små i ei kvalitativ tyding, d.v.s system som er mykje rimelegare og enklare i bruk enn dei tunge og dyre romsystema som har vore vanleg dei siste 30 åra. På mange måtar håpar ein at mikro-romsystema skal verta «PC-utgåva» i romsystemfamilien. Dette håpar ein skal gjera rommet og romfartsteknologien letta-re tilgjengeleg for større og heilt nye brukargrupper. Dette kombinert med små utviklingsmiljø, kortare utviklingstid, raskare bruk av teknologiske nyvinningar og eit større utval av leverandørar meinar ein skal driva ned investerings- og operasjonskostnadane betydeleg.

Denne endringa er, som nemnt, i fyrste rekkje gjort mogeleg av teknologiske framsteg og nye bruksområde for små satellittar. At satellittane i seg sjølv er små er ikkje nok for å verta definert som mikro-romsystem. Dei fyrste satellittane var som kjent og små, men kravde eit stort apparat for både å koma ut i bane og for seinare å vera operative. Dette gjorde at berre store nasjonar med betydeleg statleg innsats kunne utvikla og operera romsystem.

Teknologiske framsteg

Teknologiske framsteg har funne stad innanfor mange områder som direkte påverkar mikro-romrevolusjonen.

Billegare og kraftigare datateknologi har berre dei siste fem åra auka funksjonaliteten til små og lette satellittar i betydeleg grad. Eksempel på slike små satellittar er til dømes Defense Advanced Research Projects Agency/Defense Systems Inc. (DARPA/DSI) sine Microsats. Sju av denne typen satellittar, som bar navna etter dei sju dvergane (Sleepy, Happy, Grumpy, Sneezy, Dopey, Bashful and Doc), vart plassert i bane v.h.a. ein Pegasus-rakett sommaren 1991. Desse satellitane er har m.a. eit avansert system for regulering av deira innbyrdes plassering i rommet. Slike formasjonseigenskapar har ein til no normalt berre funne for betydeleg større og dyrare system.

Eit anna eksempel er Orbital Sciences' eigen 250 kg tunge SeaStar-satellitt. Den har imponerande tekniske spesifikasjonar å visa til når det gjeld stillingsnøyaktighet (i milliradianområdet), datalagring (fleire gigabyte) og kommunikasjon med Jorda (megabiter per sekund).

Parallellt med utviklinga av små satellittar er nye, mindre og framfor alt rimelegare metodar for å transportera små satellittar ut i bane utvikla. Ein representant for den nye generasjonen utskytningsfartøy er den ubemanna raketten Pegasus. Den vert typisk skoten ut frå eit transportfly i ei høgde av 12 000 m. Raketten flyr så for eiga maskin opp gjennom den øvre delen av atmosfÏren og ut i rommet. Heile turen tek om lag 12 minuttar. Pegasus er i stand til å plassera ein 500 kg tung satellitt i låg bane for mindre enn 70 millionar norske kroner. Den fyrste satellitten vart plassert i bane av Pegasus alt i april 1990.

Brukarsida

På brukarsida har og store endringar vorte synleg dei siste åra. Bakkestasjonane har, i tråd med utviklinga elles, endra karakter og innhald. Fleire og fleire kan no direkte gjere seg nytte av romteknologien. Mange husstandar har i dag ein bakkestasjon i miniformat i form av satellittmottakar for TV-signal. Små mottakarar (storleik som ein lommekalkulator) for signal frå GPS-satellittane er no til sals for under 5000 norske kroner. Også i denne enden av mikro-romrevolusjonen er det framsteg i datateknologien som har vore drivkrafta.

Politiske og sosiale verknadar

Den enorme popularitet som romfart nytte godt av på sekstitalet er borte. Attende er det ein generell skepsis til store og tunge investeringar i romforskning og romsystem. Dette gjeld spesielt i USA og i Russland, men ein finn den same tendensen i Europa og. Under slike tilhøve kan mikro-romrevolusjonen kanskje også ha positive verknadar utover det reint teknologiske. Det vil i større og større grad vera mogeleg for «alle» å dra direkte nytte av utviklinga innan romfart. På mange måtar representerar mikro-romsystema ei desentralisering av romfartsteknologien. Kanskje dette vil vera med på å gjenskapa noko av den entusiasme for romteknologi som ein fann for tretti år sidan?

Artikkelen byggjer på eit føredrag kalla «The Microspace Revolution» av David W. Thompson frå Orbital Sciences Corporation ved Massachusetts Institute of Technology, 7. april 1992.

Tekst til illustrasjon brukt i artikkelen

Orbital Sciences Corporation sin Pegasus-rakett. Raketten som her sjåast montert under vinga på eit B-52-fly, vart brukt til å skyte opp den brasilianske satellitten SCD-1 i februar i år.

 
Forrige artikkel | Neste artikkel | Alle NOR 1993 | Alle Romfart/NOR
 
 
 

Alt stoff på romfart.no/.com/.org er opphavsrettslig beskyttet.
romfart.no/.com/.org eies og drives av Norsk Astronautisk Forening.