Til hovedsiden
    

   
    Bli medlem
    Siste nytt
    Artikler
    Bildeserier
    Temasider
    Bildearkiv
    Foredrag
    Effekter til salgs
    Lenker
    Spørsmål og svar
    Spør oss
    Prosjektoppgave
    Om oss
    NAF på Facebook
    Kontakt oss
    Nettstedskart
    Hovedsiden
Trykk for å lese mer om sitatet
 

MESUR - Attende til Mars

Av Johnny Grøneng Aase

 

Artikkel publisert i Nytt om Romfart, 23. årgang, nummer 87, juli-september 1993, sidene 22-23 av Norsk Astronautisk Forening/www.romfart.no.

Skriv ut

Tips bekjent

 

I 1989 feira USA at landet 20 år tidlegare hadde sendt dei fyrste menneska til Månen. President George Bush gav ved dette høvet uttrykk for at ein innan år 2019 skulle landsetje den fyrste amerikanske astronauten på Mars. Fire år seinare har Sambandsstatane verken økonomi eller politisk vilje til å setje i gang eit slikt stort prosjekt. Den amerikanske romorganisasjonen NASA satsar i dag heller på å setje ut eit nett av små automatiske forskingsstasjonar på planeten si overflate. Dette prosjektet går under namnet MESUR (Mars Environmental Survey).

Økonomi

Dersom ein samanliknar måne- og planetsondene til USA og Sovjetunionen, vil ein fort oppdage ein stor skilnad. Medan russarane nærast masseproduserte interplanetariske romfarty, brukte USA lang tid på å planlegge, utvikle og kontrollere kvar av sondene sine. Dette gav USA mange triumfar i rommet, medan Sovjetunionen miste fleire romfarty enn landet offisielt ville vedgå. Dei låge budsjetta har likevel pressa NASA til å endre politikken sin på dette feltet. Dei nye romsondene vil vere raskare og billigare å bygge, men mindre sikra mot tekniske feil.

MESUR-sondene vil vere bygde etter denne filosofien. Det fyrste romfartyet (MESUR Pathfinder) vil koste kring 175 millionar dollar. Desse midlane vil til ein viss grad verte brukt til å utvikle teknologien som er naudsynt for å kunne konstruere dei resterande sondene. Dei vil difor verte ein del billegare Ñ kring 150 millionar dollar per stykk.

Teknikk

MESUR-programmet har som mål å utplassere eit nett av små forskingsstasjonar på Mars si overflate. NASA har planar om å skyte opp den fyrste sonda seint i 1996, slik at ho når fram til planeten i 1997. Ved oppskytinga vil Pathfinder ha ein masse på 400 kg, der berre 20 kg er drivstoff. Sonda skal plasserast bak eit varmeskjold med ein diameter på 1,5 m. For å nytte ut solstrålinga best mogeleg vil sonda ikkje lande meir enn 15° frå ekvator. I motsetning til dei tidlegare Viking-sondene, som gjekk inn i bane rundt planeten, vil Pathfinder lande direkte. Forskarane reknar med at romfartyet vil møte dei fyrste molekyla i Mars-atmosfæra 125 km frå overflata. Innfallsvinkelen vil då vere på 20¡. Sonda har her ein fart på 6,3 km/s. Samanlikna med Viking er dette ei både brattare og raskare innflygingsbane. For å overhalde budsjettet må sonda heller ikkje utsetjast for sterkare akselerasjon enn 50 g. Om dette skjer, må instrumenta konstruerast meir solide, noko som gjev auka kostnader. Samstundes bør ikkje landingsellipsa på overflata vere større enn 100 km x 25 km.

Etter at varmeskjoldet har redusert farten til omtrent 350 km/t vil eit fallskjermsystem overta den vidare nedbremsinga. Skjermane vert kobla frå når farten er nede i 50 km/t. Den endelege nedbremsinga vert utførd av ei luftpute.

Når romskipet er trygt nede på overflata vil det felle ut tre store solcellepanel. Desse vil fylle to funksjonar. Den fyrste er sjølvsagt å skaffe ein del av den naudsynte elektrisiteten for å drive Pathfinder sine system. Dei kan levere kring 100 W. I tillegg vil NASA utstyre sonda med AgZn-batteri. Vel så viktig er likevel at panela skal rette opp att landingskapselen dersom landinga ikkje vert heilt perfekt. Russarane nytta seg av dette knepet ved dei fyrste månelandingane sine tidleg på 1960-talet. Sonda vil difor sjå ut som eit heksagon (ein sekskant) når ho endeleg er nede på Mars.

Dei første eksperimenta vil verte utførde alt under innflyginga gjennom atmosfæra. Ein vil her undersøke dei ulike luftlaga, samstundes som ein tek panoramabilete av landingsområdet.

Kapselen vil i tillegg til fjernsynskamera vere utstyrt med akselerometer, trykksensorar og måleinstrument for temperatur. Ein vil og ha for hand utstyr for kjemisk analyse av overflatematerialet og eit seismometer.

Dersom NASA har nok kapital, ein snakkar her om ein sum på 25 millionar dollar, vil Pathfinder i tillegg verte utstyrt med eit lite køyrety. Dette vil truleg ha ein masse på kring 7,5 kg. Bilen vil kunne køyre avgarde med ein fart på opptil 1 m/s og vere i stand til å klatre over 15 cm høge steinar. Rekkevidda vil vere på kring 200 m. Bilen vil ha både solcellepanel og batteri, noko som vil gje han ei maksimal levetid på 30 dagar. Sambandet mellom bilen og Pathfinder vil gå via ei pisk-antenne.

Målestasjonar

Etter at Pathfinder har avslutta operasjonane sine, vil NASA setje i verk den neste fasen av programmet, som går under namnet MESUR Network. Ein vil her landsetje opp til 12 målestasjonar på Mars. Denne delen vil strekkje seg frå 1999 til 2003, og ein reknar med at det vert naudsynt med fire oppskytingar. Dei fyrste fire sondene vert sendt av garde i 1999. To år seinare vil ein i tillegg til fire nye sonder og skyte opp ein kommunikasjonssatellitt som skal setjast inn i bane rundt Mars. Dei fire siste sondene skal etter planen skytast opp i år 2003.

Sondene vil verte kobla frå bæreraketten sitt øverste trinn under overfarten mot Mars, og kvart romfarty vil føreta ei meir eller mindre kontrollert landing uavhengig av dei tre systerskipa.

Ulike vitskapsmenn er ueinige om korleis sondene skal fordelast på Mars. Geologar vil at sondene skal lande i område med så ulik morfologi som berre mogeleg, meteorologar er interesserte i data om temperatur og lufttrykk frå målestasjonar jamnt spreidde ut over Mars, medan seismologane arbeider for at sondene skal samlast i fire grupper med tre stasjonar. Sondene skal då plasserast 100 km frå kvarandre. Dette vil gjere det relativt enkelt å finne farten og retninga på sjokkbølger i dei indre delane av Mars.

Samarbeid

Dette prosjektet vil truleg koste kring 1 milliard amerikanske dollar. NASA prøver difor å redusere kostnadane til MESUR. Eit middel er internasjonalt samarbeid. Fleire romorganisasjonar har i dag planar om å sende sonder til Mars. Italia, Frankrike og Japan vil og kaste seg inn i dette kapplaupet. Den europeiske romorganisasjonen ESA (European Space Agency) har planar om å setje ut eigne målestasjonar på Mars (Mars Net), samstundes som det milde aust-vest-klimaet gjer det politisk mogeleg for USA å samarbeide med nasjonar i Samveldet av sjølvstendige statar. Dersom den politiske viljen til å fullføre desse planane er tilstades, vil MESUR vere med på å gje oss nye kunnskapar om tilhøva på Mars.

 
Forrige artikkel | Neste artikkel | Alle NOR 1993 | Alle Romfart/NOR
 
 
 

Alt stoff på romfart.no/.com/.org er opphavsrettslig beskyttet.
romfart.no/.com/.org eies og drives av Norsk Astronautisk Forening.