Til hovedsiden
    

   
    Bli medlem
    Siste nytt
    Artikler
    Bildeserier
    Temasider
    Bildearkiv
    Foredrag
    Effekter til salgs
    Lenker
    Spørsmål og svar
    Spør oss
    Prosjektoppgave
    Om oss
    NAF på Facebook
    Kontakt oss
    Nettstedskart
    Hovedsiden
Trykk for å lese mer om sitatet
 

Ny Landsat-sensor diskutert

Av John Mikal Størdal

 

Artikkel publisert i Nytt om Romfart, 23. årgang, nummer 87, juli-september 1993, sidene 13-14 av Norsk Astronautisk Forening/www.romfart.no.

Skriv ut

Tips bekjent

 

Om det skal bli mogeleg for amerikanske militære planleggjarar å gjera seg mindre avhengige av franske satellittar, avheng av resultatet av eit framlegg om å installera ein ny og kraftig sensor i USA sin neste Landsat-satellitt.

Uavhengig av den nye sensoren sin skjebne vil SPOT (Satellite Pour L'Observation de la Terre) Image frå Frankrike halda fram med å levera bilete til Pentagon, fordi det franske systemet dekkjer eit større område, seier Gerard Brachet, styreformann i SPOT Image frå Toulouse, i eit intervju nyleg.

NASA og det amerikanske luftforsvaret må bestemma seg innan midten av 1994 om dei skal byggja den nye sensoren med navnet High Resolution Multispectral Stereo Imager. I motsett fall kan dei risikera å ikkje verta ferdig før oppskytinga av Landsat 7 som er planlagt i desember 1997. USA sin timeplan for Landsat-oppskytingar er slik at det alltid skal vera minst ein Landsat-satellitt i bane til ei kvar tid.

Etter fleire månadar med samtalar har ikkje dei to partane vorte enige om dei skal byggja den nye sensoren og det tilhøyrande bakkeutstyret som er naudsynt for å prosessera og distribuera bileta. Planen er til forhandling mellom oss og det amerikanske forsvarsdepartementet, sa Stan Schneider, NASA sin sjef for Landsat-programmet i eit telefonintervju 12. juli 1993.

I planen for Landsat 7 er NASA ansvarleg for bakkedelen medan luftforsvaret er ansvarleg for byggjinga og oppskytinga av Landsat 7-satellitten. På grunn av mangel på finansiering frå NASA si side er ei ny ansvarsfordeling til vurdering i samband med den nye sensoren, sa Schneider.

Medan Pentagon (det amerikanske forsvarsdepartementet) har budsjettert med 161 millionar kroner i 1994 for sensoren, har ikkje NASA bevilga midlar i sitt budsjett. Schneider uttalar at bakkedelen av prosjektet er kostnadsrekna til totalt 945 millionar kroner. Av dette er 175 millionar tenkt nytta i 1994 for å starta opp arbeidet.

Schneider seier at avgjerda om ikkje å søkja om mid-lar til den nye Landsat-sensoren ikkje skuldast mangel på sivile nytteområder for høgkvalitets Landsat-bilete. Det heile vert eit budsjettspørsmål, seier han.

Den nye fotosensoren vil vera i stand til å skilja ut objekt med diameter på om lag 5 m, samanlikna med 15 m for Enhanced Thematic Mapper, som er om bord i Landsat 6, som vert plassert i bane sommaren 1993. I tillegg vil den nye sensoren vera i stand til å ta bilete av eit område kvar tredje dag, samanlikna med kvar 16. dag for forgjengarane.

Medan den nye sensoren, med høg oppløysing, vil vera nyttig i samband med miljøforskning og annan kommersiell bruk, har det amerikanske luftforsvaret vore meir villige til å setja av midlar til prosjektet enn NASA. Dei vil at den nasjonale tryggleiken til USA i minst mogeleg grad skal vera avhengig av utanlandske leverandørar når det gjeld bilete med høg oppløysing.

Brachet sa i eit intervju 25. juni at han trur dei militære i USA framleis vil nytte SPOT-bilete, sjølv om USA byggjer ein tilsvarande sensor. Dette fordi SPOT raskare kan tilfredstilla militære ynskjer om terrenginformasjon i ein krisesituasjon.

Amerikanske militære planleggjarar nytta SPOT sine svart/kvit-bilete med 10 m-oppløysing under Gulf-krigen for å planleggja luftangrep og bakkeoperasjonar samt å samla informasjon om Irak sine militære posisjonar. Kommersielle satellittar som SPOT og Landsat har ikkje så høg oppløysing som militære spionsatellittar, men dei kan til gjengjeld dekkja større områder.

Pentagon har funne begrensningar i Landsat-systemet samanlikna med SPOT. «Sjølv om Landsat-systemet gjev oss livsviktig informasjon, og framleis er konkurransedyktig, har det visse begrensningar med hensyn til responstid, stereoavbilding og oppløysing,» heiter det i Pentagon sin rapport til Kongressen om Gulf-krigen i april 1992.

I tillegg til militære fordelar vil den nye sensoren gjera Landsat-systemet i stand til å møta tekniske utbetringar som er planlagt i SPOT-programmet. SPOT-systemet er idag i stand til å tilby 10 m oppløysing, men ein sensor med 5 m oppløysing er planlagt før 1999.

 
Forrige artikkel | Neste artikkel | Alle NOR 1993 | Alle Romfart/NOR
 
 
 

Alt stoff på romfart.no/.com/.org er opphavsrettslig beskyttet.
romfart.no/.com/.org eies og drives av Norsk Astronautisk Forening.