Til hovedsiden
    

   
    Bli medlem
    Siste nytt
    Artikler
    Bildeserier
    Temasider
    Bildearkiv
    Foredrag
    Effekter til salgs
    Lenker
    Spørsmål og svar
    Spør oss
    Prosjektoppgave
    Om oss
    NAF på Facebook
    Kontakt oss
    Nettstedskart
    Hovedsiden
Trykk for å lese mer om sitatet
 

Nytt strålebelte oppdaga av Small Explorer-satellitt

Av John Mikal Størdal

 

Artikkel publisert i Nytt om Romfart, 23. årgang, nummer 87, juli-september 1993, sidene 5-6 av Norsk Astronautisk Forening/www.romfart.no.

Skriv ut

Tips bekjent

 

Ein satellitt frå NASA har funne eit belte av interstellar masse rundt Jorda. Dette er ei oppdaging som kan vera med på å rettferdiggjera romorganisasjonen si satsing i retning av mindre og billegare romfartøy for romforskning.

Solar Anomalous and Magnetospheric Particle Explorer (SAMPEX) har funne ut at det nye beltet ligg innanfor dei to Van Allen-belta som har vore kjende sidan 1958.

Beltet som vart studert av SAMPEX er sett saman av elektrisk ladde partiklar kjent som «uvanleg kosmisk stråling». Partiklane er atom av interstellar gass som har vorte opplada på reisa gjennom Solsystemet, seier SAMPEX-forskar Richard Mewaldt ved California Institute of Technology, Pasadena, California.

«Det gjev oss eit eksempel på interstellar masse i vår eigen bakgård,» uttala Mewaldt om strålebeltet. Dette i motsetning til Van Allen-belta som er sett saman av partiklar som er sendt ut i rommet av Sola og fanga inn av Jorda sitt magnetfelt.

Ei undersøkjing av interstellar materie i strålebeltet kan gje verdfull innsikt i astronomiske fenomen, fortalde han til reportarar ved the American Geophysical Union 25. mai 1993 då resultata frå satellitten vart offentleggjorde.

Noko av massen i beltet er sannsynlegvis restar frå eksploderte supernovaer medan andre delar kanskje kan daterast attende til Big Bang som ein antek er opphavet til Universet, sa han. «Det er på ein måte ein oppsamlingsplass, ein smeltedigel, for alt som har skjedd i Galaksen vår dei siste 10-15 milliardar åra,» seier Mewaldt. Så langt har SAMPEX oppdaga atom av nitrogen, oksygen og neon. Vidare forventar vitskapsmennene at SAMPEX skal identifisera andre grunnstoff som til dømes karbon, krypton og argon.

Banen til SAMPEX-satellitten varierar frå 565 km til 692 km i avstand frå Jorda. I denne høgda er belte av interstellar masse tettast over Sør-Atlanteren mellom den sørlege delen av Afrika og Sør-Amerika.

Russiske og amerikanske vitskapsmenn konkluderte i 1991, på bakgrunn av data frå ein russisk satellitt, med at det eksisterte eit nytt strålebelte, men dei var ikkje i stand til å avgjera kvar dette beltet var, uttala Mewaldt.

SAMPEX vart skoten ut 3. juli 1992 om bord i ein Scout-rakett frå Vandenberg Air Force Base i California. NASAs Goddard Space Flight Center i Greenbelt, Maryland styrte direkte utviklinga av den 175 millionar kroner dyre satelitten, fortalde talsmann for Goddard Mike Finneran. Med oppskytings- og dataanalysekostnadar inkludert er dei totale kostnadane for SAMPEX-prosjektet estimert til 420 millionar kroner, sa han.

Det interstellare beltet vart oppdaga av satellitten sitt massespektrometerteleskop, som er bygd av California Institute of Technology.

Lennard Fisk, sjefforskar ved NASA, fortalde til journalistar at SAMPEX-data er dei fyrste resultata frå NASAs Small Explorer-program som i 1988 tok til med rimelege vitskaplege satellittar og oppskytingsrakettar.

NASA har reelle planar om to nye Small Explorer-romfartøy: Fast Auroral Snapshot Explorer, med planlagt oppskyting i september 1994, og Submillimeter Wave Astronomy Satellite, med oppskyting i 1995. Fisk sa at NASA vurderar planar om fleire satellittar i denne serien.

I mellomtida sa forskarar ved geofysikararkonferansen at dei forventar at SAMPEX vil gje verdfull innsikt i oppførselen til det beskyttande ozonlaget som vernar Jorda si overflate mot ultrafiolett stråling. Vitskapsmenn trur at ozongassen vert angripen av kjemikaliar som menneska slepper ut i atmosfæren. Ozontettleiken kan variera naturleg på grunn av energirike elektron som treff den øvre delen av atmosfæren, uttalar Linwood Calis, som er ein atmosfæreforskar ved NASAs Langley Research Center i Hampton, Virginia.

SAMPEX vil måla antal elektron i eit forsøk på å finna ut kor stor del av ozonøydeleggjinga som skuldast innkomande elektron og kor stor del som skuldast forureining.

 
Forrige artikkel | Neste artikkel | Alle NOR 1993 | Alle Romfart/NOR
 
 
 

Alt stoff på romfart.no/.com/.org er opphavsrettslig beskyttet.
romfart.no/.com/.org eies og drives av Norsk Astronautisk Forening.